Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

inngang - øst

31.august var siste dag for Solbakken asylmottak. Alle bebuarar har flytta til andre mottak eller blitt busette i ein kommune, og dei tilsette må finne nye jobbar. Mottaksleiar Bente Nygård er tilsett som programrettleiar i Innvandrarsenteret. Tilsettingsprosessen for den utlyste stillinga som programrettleiar blei stoppa då nedleggingsvedtaket blei kjent i slutten av mai. Maria Nesse held fram som sekretær i Innvandrarsenteret, Eva Jensen har begynt i Tiltakstenesta, Morgan Stavøstrand har fått arbeid på kulturkontoret, Ramatullah Uzbak går tilbake til miljøarbeid med einslege mindreårige, medan Randi Ohren og Merethe Øverås førebels ikkje har fått nye jobbar. Ellen Indrebø måtte slutte, sidan hennar stilling var eit prosjektarbeid i regi av UDI. Kurt Gjøringbø har også slutta i sitt vikariat som vaktmeister. Solbakken asylmottak blei opna 1.desember 1993, og det var eitt av dei eldste mottaka i landet då det blei lagt ned. Det er ikkje bestemt kva som skal skje med bygningane på området. Det nye administrasjonbygget blir framleis brukt som base av miljøvaktmeistrane til bustadkontoret.

Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart


Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart