Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

inngang - øst

Flora kommune er ein internasjonal kommune både i form av internasjonalt samarbeid og i form av å være eit multikulturelt samfunn. 01.01.2017 budde det 1707 innvandrarar i Flora. Dette var 14,2% av folketalet. Den største gruppa innvandrarar kjem frå Polen (271 personar).

Innvandringa til Florø føregår i hovudsak på tre ulike måtar. For det første har vi arbeidsinnvandring, der vi tek imot arbeidskraft. Flora er avhengig av denne typen innvandring for å tilføre lokalsamfunnet viktig kompetanse og dekke arbeidskraftsbehov i fleire sektorar. I 2016 hadde Flora ei netto innvandring på 141 personar.

Les meir: Innvandring

Frå oktober 2018 vil alle deltakarar i introduksjonsprogram og alle elevar som får norskopplæring, vere to dagar i veka ute i språkpraksis. Dette vil gjelde alle som har klart minst A1 nivå i norsk, slik at dei har eit minimum av norskkunnskapar når dei møter på ein arbeidsstad. Vi prøver å finne ein språkpraksisplass som liknar mest mulig på det yrket eller den karrierevegen deltakarane har ønska seg i den individuelle planen alle skal ha. Deltakaren vil få oppfølging på praksisplassen frå lærar med jamne mellomrom, og arbeidsstaden vil få oppfølging frå praksiplasskoordinator. Grunngjevinga for denne omlegginga er at deltakarane skal praktisere norsk i ein naturleg samanheng, lære yrkesrelaterte faguttrykk, og ikkje minst bygge seg nettverk i lokalsamfunnet. Slike nettverk er avgjerande for å få seg ein ordinær jobb etter at opplæringa er ferdig.
Elever ved norskopplæring i Flora

Opplæring i norsk språk, samfunnsfag og kultur. Vi tilbyr kurs på ulike nivå, frå nybegynnar til B1-nivå (B2 dersom det er nok deltakarar). Vi har undervisning både på dagtid og kveldstid. Tre gongar i året arrangerer vi norskprøver (mars, juni og desember) på alle nivå, frå A1-B2, skriftleg og munnleg. Dei ordinære norskkursa har stort sett undervisning mandag til fredag kl. 08:45 – 12:15. Etter lunsj har introduksjonsdeltakarane andre fag/studietid. Arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har flyktningbakgrunn får også tilbod om norskundervisning ved Innvandrarsenteret.

Les meir: Opplæring i norsk

31.august var siste dag for Solbakken asylmottak. Alle bebuarar har flytta til andre mottak eller blitt busette i ein kommune, og dei tilsette må finne nye jobbar. Mottaksleiar Bente Nygård er tilsett som programrettleiar i Innvandrarsenteret. Tilsettingsprosessen for den utlyste stillinga som programrettleiar blei stoppa då nedleggingsvedtaket blei kjent i slutten av mai. Maria Nesse held fram som sekretær i Innvandrarsenteret, Eva Jensen har begynt i Tiltakstenesta, Morgan Stavøstrand har fått arbeid på kulturkontoret, Ramatullah Uzbak går tilbake til miljøarbeid med einslege mindreårige, medan Randi Ohren og Merethe Øverås førebels ikkje har fått nye jobbar. Ellen Indrebø måtte slutte, sidan hennar stilling var eit prosjektarbeid i regi av UDI. Kurt Gjøringbø har også slutta i sitt vikariat som vaktmeister. Solbakken asylmottak blei opna 1.desember 1993, og det var eitt av dei eldste mottaka i landet då det blei lagt ned. Det er ikkje bestemt kva som skal skje med bygningane på området. Det nye administrasjonbygget blir framleis brukt som base av miljøvaktmeistrane til bustadkontoret.

Innvandringa til Flora skjer i hovudsak på tre ulike måtar:  Arbeidsinnvandrarar, flyktningar/asylsøkjarar eller familiegjenforente med nordmenn eller innvandrarar. I Flora er det Innvandrarsenteret som tek seg av mottak og busetting av flyktningar. 

Dei som er flyktningar mellom 18 og 55 år har rett og plikt til å gjennomføre introduksjonsprogram.

Kven kan delta i programmet?

Les meir: Busetting og integrering av flyktningar

Siri Soereide Jansen

Vaksne (frå 16 år), både innvandrarar og norske med behov for grunnskoleopplæring, har rett til dette. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga du treng for å få vitnemål. Utdanninga er gratis.

Desse faga kan du lære på grunnskulen: norsk ,matematikk, praktisk rekning, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag.

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg å fullføre grunnskulen!

Rektor Siri Søreide Jansen, sirisoreide.jansen@

Lenkjer for meir informasjon:

Created by SJL Creations, see more on http://www.sjlcreations.be

Ledig stilling - programrettleiar/flyktningkons. v/ KF Flora Innvandrarsenter

Flora kommune

Om teneste og stilling

KF Innvandrarsenteret i Flora skal tilsette programrettleiar/flyktningkonsulent i 100 % fast stilling frå 1.august 2018. Sjå meir om Innvandrarsenteret på innvandrarsenteret.no
Programrettleiaren jobbar i hovudsak med oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogram. Målsettinga med introduksjonsprogrammet er å få deltakaren over til vanleg arbeid eller ordinær skulegang etter to år. Deltakarane er vaksne flyktningar som blir busette i kommunen, anten frå asylmottak, som overføringsflyktningar i samarbeid med UNHCR eller etter familiegjenforening. Jobben vil medføre kartlegging og utarbeiding av individuell plan, sakshandsaming, oppfølging av deltakarane i ulike tiltak og utstrakt samarbeid med norsklærarar, praksisplassar og offentlege etatar. Informasjon om og rettleiing i samfunnsfaglege emne er sentralt. God kontakt med offentlege og private arbeidsgivarar i kommunen er viktig. Arbeidet omfattar også hjelp til registrering hos politi og folkeregister, kontakt med UDI, oppretting av bankkonto, m.m., og ev. kontakt med barnehage og skule dersom deltakaren har barn, og oppfølging av saker med familiegjenforening. Kjennskap til nasjonal og internasjonal flyktningpolitikk er ein fordel.
Til stillinga ønsker vi ein person med relevant utdanning på høgskulenivå, gjerne med veiledingskompetanse og/eller fleirkulturell kompetanse og erfaring. Vi oppfordrar spesielt menn til å søke. Vi legg vekt på fleksibilitet, vilje til læring og godt humør

Søknadsfrist: 15.05.18

Arbeidsgiver: FLORA KOMMUNE

Sted: Flora kommune ledig stilling ved KF Innvandrarsenteret

 

Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart


Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart


Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart